Stiftelsen Solgløtt

Prosjekter i 2016

1 2 3 4


Jaroslav Hašeks venner til seg selv!

Søker: Jomar Hønsi

Jaroslav Hašek er ikkje kjend som poesiforfattar men han utgav ei mengde dikt og strofer i løpet av livet sitt. Desse har aldri før vore samla mellom to permar, og dette prosjektet har som mål å få utgjeva boka i løpet av sommaren/hausten 2016. Manuskriptet er ferdig og skal gjevast ut på “Nakladatelství Machart” og finasierast gjennom hithit.cz (crowdfunding).

Boka inneheld ikkje berre dikt, men mange bilete og bakgrunnsinformasjon om forfattaren og tida han levde i. Ein del av dette materialet er nytt og eit resultat av utgjevarane si private forskning i diverse arkiv i Praha og Wien dei siste 5 åra. Boka er eit resultat av eit samarbeid som har pågått sidan sidan 2008 mellom Jomar Hønsi (Oslo), Jaroslav Šerák(Praha) og til dels Sergej Soloukh (russisk forfattar, Kemerovo). Forfattaren sin soneson Richard Hašek og den kjende Hašekeksperten Dr. Radko Pytlík samarbeider med prosjektet, likeså andre Hašekentusiastar i Tsjekkia, Polen og Ungarn.

Prosjektetsvarighet: 3 måneder (juni 2016 - september 2016)
Totalt budsjett: 150 000 CZK
Solgløtts bidrag: 10 000 NOK
Sluttrapport (pdf)

Hašek1